 |
FØRSTESIDA
NYHEITER

AKTUELT
ANNONSER
ØY-BLIKK
ANNA
|
|
577.000 kroner til Giske-eldsjeler
Randi H. Longva, 22.12.09
Gjensidigestiftelsen deler ut heile 577.000 kroner til trivselstiltak i Giske kommune. Størstedelen av potten går til Valder-anlegget og til aktivitetsplass på Giske.
|
|
AKTIVITETSPLASS: Ingrid Sunde Engeset er strålande fornøgd med julegåva på 247.000 kroner frå Gjensidige. Gåva betyr at dei kan få realisert aktivitetsplassen på Giske allereie til sommaren.
|
Eldsjeler på øyane i Giske kommune er tildelt ein stor prosentdel av pengepotten som Gjensidigestiftelsen deler ut i Møre og Romsdal i desember. Av dei 2.140.000 kronene går heile 577.000 kroner til aktivitetsprosjekt i Giske. –Vi er veldig fornøgde med den prosentdelen – det er berre å halde fram med den, seier valderleiar Kåre Sæter muntert, medan han vender seg til gåveutdelarane Per Arne Bjørge og Anne Lise Hessen Følsvik. Gode prosjekt I tillegg til 300.000 kroner til aktivitets- og friidrettsanlegget til IL Valder, deler stiftinga ut 247.000 kroner til leikeplass på Giske. Det dryp òg 10.000 kroner på ein leikeplass på Molnes og 20.000 kroner går til Giske seilforening. Stiftinga får årleg inn så mange søknader at dei vert nøydde til å avslå nærmare 80 prosent, men dei set si ære i å finne fram til gode prosjekt som treff breidda i folket. Fire av desse fann dei i Giske. –Eg er sjølvsagt strålande glad for at det er så mange gode prosjekt i Giske kommune, og eg er glad for å kunne vere med på å støtte opp om eldsjeler, som i stor grad finst her ute, seier Hessen Følsvik. Ho sit i marknadsrådet i Gjensidigestiftelsen, Møre og Romsdal. Fleire byggjesteg Ole Martin Sæter takka for tildelinga på vegne av idrettslaget Valder. –Dette er både ei kjempegod økonomisk hjelp og moralsk støtte til arbeidet vi driv generelt og allidrettsanlegget spesielt, uttalar Sæter. I dag står ei løpebane på 200 meter klar ved sidan av grasbana og kunstgrasbana, men pengane kjem godt med når dei skal utvikle anlegget vidare. –Vi vil få til trenings- og leikeapparat i midten av løpebana, og kan hende òg ei utandørs handballbane, opplyser Sæter under presentasjonen på Valdervoll. Og etter eit besøk i det heller miserable klubblokalet, er det ingen tvil om at neste byggjesteg med å få på plass klubbhus med ein langt betre standard, er eit etterlengta byggjesteg. Mange å takke Innbyggjarane på Giske har også all grunn til å gle seg over pengedrysset før jul. Leiar i Giske velforeining, Ingrid Sunde Engeset, uttrykkjer stor takksemd for den flotte gåva som kjem både barn og foreldre til del. –Takka vere gåva kan vi ta sikte på å ha ferdig ein leikeplass allereie til sommaren, seier Sunde Engeset. Overfor Øy-Blikk presiserer ho at det er mange som skal ha takk for at aktivitetsplassen på Giske no kan bli ein realitet. I velforeininga sit både Siv Giskeødegård Skorgen, Per Magne Skorgen, Line Giske Skjong, Kurt Louis Skjong og Svein Kristian Engeset. Det var dei som først tok tak i problemet med mangelen på leikeplassar på Giske. Saman med andre dugnadsjern har dei rydda den kommunale leikeplassen, fjerna øydelagde apparat og fått sandkasse og huskeapparat på plass. I tillegg har dei fått pengestøtte frå Giske kommune, Sparebanken Møre, Frifond for barn og unge, Giskegjerde & Furnes og nærmiljøet gjennom kontingent. –Målet er å skape ein trygg og triveleg aktivitetsplass, der både små og store barn kan utfalde seg fysisk og halde på med positiv leik. Sidan vi ikkje har så mange møtestader på øya, ser vi det òg som viktig å skape ein sosial møteplass for dei vaksne. Det er noko vi treng sårt på Giske, meiner Sunde Engeset. –Eg håper at kommunen ønskjer å kome på bana og samarbeide om vedlikehald og drift av den nye, flotte leikeplassen som vi no skal få reist på kommunal grunn, legg ho til.
« Tilbake
|
|
MEININGSMÅLING
 |
Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%
|
|