Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sette julestemninga
Øyvind Snorre M. Godø,  17.12.09

Valderøy og Vigra ungdomsmusikk, Valderøy skulekorps, Vigra skulemusikk og Kor Tøft sette julestemninga for publikum i Valderøy kyrkje førre søndag, då den gamle tradisjonen med julekonsert nok ein gong gjekk av stabelen.

Englesong av Kor Tøft.
-Dette er den mest stemningsfulle julekonserten du kan finne. Eg håper alle kan komme i julestemning av dette, sa konferansier Trine Røssevold. Stemning blei det også då lysa i kyrkja vart sløkt og Luciasongen begynte å lyde så smått frå gongen. Om du skulle slite med hørsel vart den også framført med teiknespråk. Røssevold kunne fortelje at Luciadagen er feiring av den katolske helgenen Sankta Lucia. Etter ein gammal kalender var den 13. desember den mørkeste dagen. Derfor kunne denne dagen også vere eit bilete på kampen mellom lys og mørke.

Fullsatt sal
Vigra skulemusikk og Valderøy skulekorps var fyrst ut. Deira musikkstykke vart veldig godt motekne av ein fullsett sal. I nokre av musikkstykka var det også song av to unge jenter. Gloria Kapako og Ayla Nordstrand imponerte stort med to flotte songstemmer. Etter ei lita pause med allsong og opplesinga av juleevangeliet fekk dirigent Oddveig Valderhaug og hennar Kor Tøft med unge songsjeler entre scena. Rett og slett englesong kunne konferansier Røssevold konstatere.

Deilig er jorden
Det evigunge Vigra og Valderøy ungdomsmusikk (VVUM) viste imponerande kvalitetar på sine instrument og avslutta sjølvsagt med songen ”Deilig er jorden”. Dirigent for VVUM, Terje Tafjord, tykte julekonserten var vellukka.
-Det var akkurat slik det skal vere. Mange unge aktørar som sette julestemninga. Dette er min andre sesong no og eg må seie eg vart imponert av dei gode solistane. Så ja, eg kjenner at julestemninga har kome, sa ein opplagd Terje Tafjord. Formann for Valderøy Skulekorps, Robert Skjong, sat også igjen med ein god følelse etter konserten.
-Ja, eg tykkjer det vart god julestemning, sa Skjong og fortsette. -Sjølv om det er mykje arbeid å sette i stand, går det veldig greitt når alle aktørane gjer slik som dei har sagt. Det at det er så mange aktørar og i tillegg er mykje publikum tykkjer eg er veldig kjekt, sa Skjong.
Ole Petter Vartdal Skjong frå Valderøy skulekorps tykte det var kjekt å vere med på julekonsert.
-Det var veldig kjekt å framføre, og eg kjem i julesteming av dette. Det er også ganske lærerikt fordi du lærer nye ting heile tida når du er med på slike ting, sa han.
Og for dei som har lyst å kome i endå betre julestemning, skal Vigra og Valderøy ungdomsmusikk ha konsert i Vigra kyrkje i morgon kveld.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%