Til hovedsiden
  Øy-Blikk, vi gir deg lokalnytt!  tirsdag 07. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHEITER


Lokalt nytt
Kultur
Sport
Søk i arkivet:

   AKTUELT
Digitalknipset
 
Det skjer
Øy-Glimt
 
   ANNONSER
Annonse
Lagsannonse
Rubrikk
Info om annonsering

   ØY-BLIKK
Bestilling av bilete
Kontakt oss
Om oss
Opningstider
 
Teikn abonnement!
Last ned avisa

   ANNA
Tips oss
Peikarar
   
  Utvikla av InBusiness AS


Elias, innbyggjar nr. 7000
Randi H. Longva,  10.12.09

Giske kommune har nådd ein milepæl. Hovudpersonen sjølv stiller seg roleg til alt oppstyret. Tre veker gamle Elias Johan på Skjong er guten som kan skilte med tittelen ”Innbyggjar nr. 7000”.

Leah Kristin tek i mot blomane frå ordførar Knut Støbakk på vegne av veslebror Elias Johan, som ligg på arma til mor Gry Kristin.
Ved nyåret budde det 6873 menneske i Giske kommune. Ordføraren byrja kan hende allereie då og gruble på når det ville bikke rundt tal. 20. november fekk han beskjeden. Så mange som 7007 har bustadadresse i kommunen. Elias Johan Fylling kom til verda 17. november. Då han såg dagens lys visste han lite om at han var blitt innbyggjar nummer 7000!

Ordførarbesøk
Ordførar Knut Støbakk har ikkje for vane å gå på husbesøk for å ønskje alle nye borgarar velkomne. Men å runde sjutusen er ein milepæl som fortener både blomar, ein plakett og gåvekort på 5000 hos Valderhaug Rørhandel. Ved eit slumpetreff viste det seg at bestemor til Elias Johan, Hildegunn Fylling, jobbar der. Men gåvekortet er ikkje mindre verdt av den grunn!
Om det var det å få ordføraren og lokalavisa på døra som gjorde at Elias Johan byrja å hikke, er uvisst. Mest truleg var det berre ei matestund saman med mor Gry Kristin Fylling som gjorde utslaget. For når du er tre veker gamal er tilværet rimeleg enkelt. Verken blinkande ordførarkjede eller stor blitz er spesielt imponerande.
Storesøster Leah Kristin (3 ½) let seg heller ikkje affisere av alt styret. Ho inviterte likså godt ordførar og bladfyk inn for å sjå på eit julepynta jenterom, medan ho spratt rundt med eit leikekamera for å ta bilete av besøket. Ho var nok litt ekstra gira, sidan pappa Kay André kjem kjem heim til jul same dag.

Klart val
Gry Kristin (27) og Kay André Fylling (27) flytta til Giske kommune for fire år sidan, nærmare bestemt til Skjong. At valet vart Valderøya var rimeleg klart. –Det var vel eigentleg noko av det første Kay sa til meg, at skulle eg gifte meg med han, så måtte eg finne meg i å flytte til Valderøya, fortel Gry og flirer. Dei har budd saman både på Fylling, i Skodje kommune og i Molde. Ho er opphavleg frå Hildre.
Gry har funne seg godt til rette på heimstaden til ektemannen. –Eg set pris på at nærleiken til butikkar og andre tilbod, og turmulegheitene, seier Gry.
Ho har fått seg jobb på Valderøy bufellesskap, medan Kay André er overstyrmann på ”Island Vanguard”.

Unge folk
At Giske er ein attraktiv kommune som mange ønskjer å busette seg i, seier befolkningsveksten alt om. Heile 134 personar har flytta til kommunen i år. Eit tal som bringer Giske blant toppen av tilflyttingskommunar i fylket.
–134 personar er rimeleg mykje meir enn det vi har lagt opp til i kommuneplanen, seier Knut Støbakk. Som innrømmer at det veksten gir skrekkblanda fryd.
–Fleire innbyggjarar genererer inntekter til kommunen. Det hadde vore mykje verre om det gjekk andre vegen. På den andre side er det litt skremmande med tanke på at fleire menneske betyr større krav til dei kommunale tenestene. Det er veldig positivt at det er unge folk som utgjer tyngda, men det betyr igjen press i forhold til barnehage og skule.
Men Støbakk vel å fokusere på fordelane.
–Det er veldig kjekt å vere ordførar i ein attraktiv kommune der folketalet veks slik som i Giske, seier Støbakk.


Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake


 MEININGSMÅLING

Meiner du det bør byggjast ein idrettshall på Vigra?
Ja
Nei
Usikker
Svar til no: 311
Ja: 94.53%
Nei: 5.47%