Om oss

Øy-Blikk er ei ubunden lokalavis for Giske kommune. Avisa vart starta i 1985, og hadde i 2015 sitt 30-årsjubileum. 

Giske kommune omfattar dei fire øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Øyriket har til saman 8000 (pr. juli 2015) innbyggjarar. Øyane er bunde saman med tunnel og bruer, og kommunen er knytt til fastlandet med undersjøiske tunnelar.

Øy-Blikk arbeidar etter "Ver Varsam"-plakaten og øvrige etiske retningsliner som vert lagde til grunn i norsk presse. Den som meiner seg råka av urettmessig avisomtale, vert oppmoda om å kontakte redaktøren. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan oppnemnt av Norsk Presseforbund. Organet handsamar klager mot pressa i etiske spørsmål.

 

  • x