Heime hjå familien Hausken står bilane på tunet. Inne i garasjen øver sonen seg mot målet om å bli like god som Martin Ødegaard. Om storebror Andreas(17) skal få Aleksander(13) ned på bakken hentar han fram sjakkbrettet.
Eit forslag frå FAU ved Godøy skule kan føre til kommunestyre-vedtaket om ny skulestruktur i Giske kommune vert utsatt til arbeidsgruppa er ferdig med del 2 av rapporten. Det vil uansett vere godt med tid før endringane slår inn til skuleåret 2021/22.
Nedstenginga etter Korona-pandemien trefte treningssentra landet over hardt og brutalt. Etter ei tøff tid inn mot påske ser Hans Arne Bjørdal Hjeldnes i Sprek365 framover.
Korona-pandemien har uoversiktelege og vanskelege økonomiske rammer for Giske kommune, som førebels har fått dekt inn 6,6 millionar kroner i inntektstap på lågare skatteinngang frå Storting og Regjering.
Gjennom dei første seks vekene med Korona-tiltak har dei fire lokale idrettslaga lidd sekssifra økonomiske tap gjennom avlyste arrangement og tapte sals-inntekter. Samstundes som nesten all aktivitet har ligge brakk. Truleg vert rekninga til breiddeidretten høgare fram mot sommaren.
Tysdag opna dei 8 barnehagane i kommunen porten på nytt for sine 583 born. Det var første skritt på veg attende mot slik samfunnet var før 12. mars, og opplevinga var god for både liten og stor.
Grunna Korona-pandemien vert det ikkje barnetog på nasjonaldagen i Giske kommune. Det vert heller ingen tradisjonsrik folkefest, men 17. mai skal feirast i alle fire øy-samfunn.
Rabalderet etter at formannskapet fatta vedtak om innsparing i oppvekstsektoren med kommunelova i hand, trenger ikkje ende med at kulturskule-tilbodet forsvinner. Ordførar Harry Valderhaug peikar på at det til slutt er kommunestyret som vil vedta kva å kutte til eit minimum betyr i praksis.
Malene (25) har termin i Koronatida: - Dette er normalen for meg
Hektiske tider for lokal LO-nestleiar
Korona stoppar ikkje p��ske-forkynninga i kyrkja
Øy-Blikk nr. 3/2021
Klikk på bildet for å lese siste utgåve av Øy-Blikk som e-avis.
Gå til arkivet for eldre aviser >>
Publisert av FurePV
Høyreklikk for å redigere innhold